"Kreativitet er smittsamt, send det vidare" - Albert Einstein
Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Bukken AS
Januar 2016 opna ei ny kommunikasjonsverksemd i Kvam; Bukken AS. Me er: Connie og Hege, 2 damer frå bygda med det ”enkle” ynskje om å skapa sin eigen arbeidsplass. Juni 2017 valte Hege og "hoppa av" Bukken, men firma held fram som normalt med Connie og mange gode samarbeidspartnarar i Noregs land.

Våren 2019 byrja det to nye frilansarar hos Bukken, me har gleda av å presentera: Krisin Øverlie Edøy  og Danny de Vries. August same år startar Camilla Iversen i ei deltidsstilling hos Bukken. Gled deg til å bli kjend med desse talentfulle og dyktige bukkane.


Mål nummer ein er det same som før- å bistå verksemder på å henge med i den digitale tidsalder! Vidare ynskjer me å fokusere på nye, digitale plattformar for kommunikasjon og strategi, i tillegg til at me sjølvsagt kan levere meir tradisjonelt marknadsføringsmateriell som trykksaker, foliedekor og liknande.  

Spør Bukken om kva enn DU måtte lure på innanfor kommunikasjon og marknadsføring!

Oss

Connie Langeland
- dagleg leiar, grafisk designar, strateg, kommunikatør, webdesigner... 
Utdanna innanfor Reklame og Merkevarebygging ved Norges Kreative Fagskole i Bergen, fullførte så sin BA Graphic Design and Art Direction i Milano, Italia ved Nouva Accademia di Belle Arti. Har eit års vikariat frå Riss Grafisk Formgjeving i Øystese. Og har etter det jobba frilans med eiget enkeltmannsføretak, parallelt med å ha vore tilsett som marknadsaanvarleg m.m. hjå både Gule´s Mek. og Landbruksverkstad og formidlar m.m. i Kunsthuset Kabuso. I dag eig og driftar ho Bukken AS.
Anna
> Styremedlem i Kvam Næringsråd
www.kvamnr.no
> Styremedlem i Optima Produkter www.optima-ph.no

______________________________________

Camilla Iversen - grafisk designar, deltid
Camilla er 26 år gamal og kjem frå Bergen. Ho er nettopp ferdig med ei fagskuleutdanning i grafisk design ved Høyskolen Kristiania. Frå tidlegare har ho ein bachelor i journalistikk frå Kingston University i England. Ho har alltid likt å væra kreativ, å skapa og den store lidenskapen er magasinproduksjon. Ho er tidlegare redaktør av studentmagasinet Egenart og likar godt å jobba med tekst samt heimeside, identitet og produktdesign. På fritida elskar ho å gå på konsert, reise eller å gå ein tur på dei mange fjelltoppane i Bergen. 
Kristin Øverlie Edøy / Edøy design - grafisk designar, frilans
Kristin er 29 år og kjem frå Sunndalsøra, der ho også er busett.  Ho er utdanna grafisk designer med ein Bachelor i Creative Advertising & Graphic Design frå Perth i Australia. Kristin er kreativ og hardtarbeidande, men mest av alt balansert, strukturert og målretta, både som person og som designar. Frå tidlegare har ho erfaring frå trykkeri og mediebyrå. Ho har sidan 2015 drevet firmaet Edøy Design. Ho arbeidar med design på ulike flater, både på digitalt og print. Kristin kjenner seg heldig som får lov å ha hobbyen sin som jobb!


Danny di Vries - grafisk designar, frilans
Danny kjem frå Nederland og flytta til Norge og Jondal i august 2016. Han har fullført norskkurs og fekk seg snarleg jobb på SPAR same året. Han er utdanna profileringsdesigner, eit yrke han finn svært spennande og utfordrande. Danny liker godt variasjonen i arbeidet og det å gjere ein jobb frå idé til ferdig produkt er veldig kjekt! I Nederland arbeida han som dette i 8 år før han flytta til Norge. Han gler seg til å bruka all kreativiteten i yrket sitt igjen og til å arbeide saman med menneske han kan lære av- og dele erfaringar med. Danny ser fram mot eit godt samarbeid med Bukken!


 

BUKKEN AS // Org.nr  916 198 027 // Hardangerfjordvegen 638, 5610 Øystese // bukken@bukken.no // Camilla: 413 90 041 // Emneknagg: #BukkenAS

 
     
Copyright  2018 Bukken AS
System provided by GetShop AS - www.getshop.com